Kor mykje stort…
Av: Birger Løvlie
Om Matias Orheim og hans bidrag til vestnorsk kultur- og kristenliv.
«Det var ei slags høgtid berre å sjå han. Han tala som ingen annan vi hadde høyrt. Orda steig og fall i mjuke rytmiske klangar. Sanneleg song han ikkje også. Det var så visst ingen dommedags-skremsler på bedehuset den kvelden, berre lyse, lovande ord: Kor mykje stort, kor mykje gildt, Kor mykje herlegdom.» Slik skildrar lyrikaren Åse Marie Nesse sitt første møte med Matias Orheim.
Det var framfor alt som salmediktar at han fann vegen til hjarta på ein heil generasjon. Og i eit langt liv reiste han rundt i landet og formidla det han stod for, trass i at han i ung alder fekk ein augesjukdom som gjorde han blind. Han stod fram som diktar i ei tid som var prega av kulturell, kyrkjeleg og politisk spenning, og han gjekk aldri av vegen for ein kamp for visjonane sine. Han var med på å kristne både nynorsken og fela for bedehusfolket, og vart ei viktig kjelde til forståing av det særmerkte i vestnorsk kultur.
Det er Orheim sine røter i vestnorsk kultur i tida omkring førre hundreårsskifte som er hovudsaka i denne boka. Forfattaren ønskjer å vise korleis Orheim prega denne kulturen med ein bodskap med mange fasettar som til saman utgjorde ein særeigen spiritualitet.
Forfattar: Birger Løvlie (f. 1946) er teol. dr. og førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda.
Kyrkjefag Profil er ein skriftserie frå Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda.