Kvifor er eg blind?
– Sånn til dagleg, så tenkjer eg ikkje så mykje på kvifor eg er blind – det er no berre sånn det er. Eg har ikkje noko sikkert svar, men for meg framstår det sånn at Gud på ein eller annan måte må ha ein finger med i det, meiner Magne Bjørndal.
Les kva den blinde presten Magne Bjørndal sa i preika si då bibelteksten nyleg handla nettopp om ein blind mann!
Prekentekst Johannes 9, 1-7. 35 b-38: «Då Jesus kom gåande, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd. Læresveinane spurde: «Rabbi, kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?» Jesus svara: «Verken han eller foreldra hans har synda. Men no kan Guds gjerningar bli openberra på han. Så lenge det er dag, må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg. Det kjem ei natt då ingen kan arbeida. Så lenge eg er i verda, er eg lyset i verda.»
Då han hadde sagt det, spytta han på jorda og laga til litt leire av spyttet og smurde på auga til mannen. Så sa han: «Gå og vask deg i Siloa-dammen!» Siloa tyder utsend. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå.
Jesus fekk høyra at dei hadde kasta han ut, og då han møtte mannen, spurde han: «Trur du på Menneskesonen?» Mannen svara: «Kven er han då, gode herre, så eg kan tru på han?» «Du har sett han», sa Jesus. «Det er han som no snakkar med deg.» «Eg trur, Herre», sa mannen. Og han tilbad han. Slik lyder det heilage evangeliet.»
Sjølv om eg har gjort det mange gonger gjennom meir enn tretti år som prest, så er det alltid litt spesielt å møta desse bibeltekstane som handlar om at Jesus lèt ein som er fødd blind verta sjåande. Det er ikkje fritt for at eg vert misunneleg, og tenkjer at eg skulle gitt mykje for å få oppleva det same. Då hadde eg vore mindre avhengig av hjelp, kunne lettare ta meg fram, hadde hatt lettare for å fanga opp reaksjonar frå folk som eg møter og er i samtale med. Men så veit eg òg at som blind i verdas rikaste land på 2020-talet, så har eg eit mykje meir aktivt og meiningsfylt liv enn ein blind i Palestina rundt år null. Det skuldast ikkje minst punktskrifta, som me snart skal feira 200-årsjubileum for. Å kunna lesa og skriva er heilt avgjerande for meg, både som yrkesutøvar og privat. Og så kan eg bruka mobiltelefon og smartklokke omtrent som andre, eg har ei god transportordning, som gjer at eg for ein billeg penge kan ta taxi dit eg skal, osv., osv.
Den blinde me møter i bibelteksten levde nok med langt større avgrensingar enn eg gjer. Men Jesus såg han, og det vart eit avgjerande vendepunkt. I dag møter Jesus oss, og sjølv om det møtet kanskje ikkje endrar livet vårt like fundamentalt som det den blindfødde i teksten opplevde, så kan våre liv òg få nytt innhald og ny retning når han får leia oss.
Spørsmålet om skuld og ansvar kjem fort opp: «… kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?» Me spør vel ikkje akkurat sånn, men me òg er snare til å leita etter årsakssamanhengar, eller etter å finna den skuldige. Etter brannar, ulukker og katastrofar, så må redningsmannskap gong på gong avvisa spørsmål frå journalistar om årsak, motiv, ansvar. Nei, dei veit ikkje, og der og då er dei opptekne med å berga liv og verdiar, så får politiet eller havarikommisjonen, eller kven det no er, avdekkja årsakssamanhengar når den akutte fasen er over.
Eg har saktens grubla på kvifor eg er blind, men i det daglege er eg ikkje så oppteken av det. Uansett årsak, så må eg bruka tid og krefter på det eg får gjort noko med.
Det er meir enn nok å ta tak i og læra meir om, saker å løfta fram gjennom interesseorganisasjonar. Som at mange bøker, blad og aviser enkelt kunne vorte gjort tilgjengelege, men ikkje er det, eller at bussane har innvendig opprop av haldeplassar, men ikkje utvendig av kva for ein buss som kjem, og slik kunne eg fortsetja. Poenget er at eg ikkje kan venta til det vert avdekt ei årsak, eller til det skjer eit under som gjev meg synet – eg må gjera det beste ut av dei avgrensingane og dei fortrinna eg har fått. Og slik er det med oss alle.
Det er mykje me ikkje kan, og me er heilt avhengige av andre, frå me kjem til verda og er hjelpelause babyar på ei fødestove, til me, kanskje, endar våre dagar som pleiepasientar på ein sjukeheim. Gud grip inn og gjer under, små og store, men det skjer alltid glimtvis, som teikn, som oppmuntringar på vandringa i følgje med Jesus, og som frampeik mot det lyse landet som ventar oss bak døden.
Jesus ber seg underleg åt, når han skal gjera den blindfødde frisk. Ikkje nok med at han var blind, han fekk attpåtil klint ei blanding av spytt og jord på augene.
Jesus ber seg underleg åt, når han skal gjera den blindfødde frisk. Ikkje nok med at han var blind, han fekk attpåtil klint ei blanding av spytt og jord på augene. Ei forklaring som har vore foreslått, er at han med det ville hinta til skapingsforteljinga i 1. Mos., der det står: «Då forma Herren Gud mennesket av støv frå jorda og bles livspust i nasen på det, og mennesket vart ein levande skapning.» (2,7) På liknande måte som det første mennesket vart skapt av jord, skal denne mannen no verta ein ny skapning, både fordi han får sjå naturen og menneska og alt som er rundt han, og – først og fremst – fordi han får sjå Jesus, han som kalla seg lyset i verda.
Så får han beskjed om å vaska seg i Siloa-dammen. På ein italiensk illustrasjon frå 1100-talet, er den dammen forma som ein døypefont, og det er ikkje så dumt tenkt. I dåpen vart me reinsa, og fekk eit nytt liv.
Teksten vår er to utsnitt frå kap.9 i Joh.evg. Mellom dei er det skildra ein prosess der Jesu motstandarar vert stadig meir forstokka og forblinda. Dei får ikkje oppfatninga si om Jesus til å gå i hop med underet dei har vore vitne til. Den blindfødde derimot, vert stadig meir klarsynt. Han omtalar Jesus først som eit menneske, dernest som ein profet, før han til sist, i slutten av vår tekst, tilber Jesus som Menneskesonen.
Martin Luther arbeidde ein del med omgrepet den skjulte Gud, som er henta frå Jesaja-boka: «Sanneleg, du er ein Gud som løyner seg, Israels Gud og frelsar.» (45,15) Gud viser seg rett som det er for oss på måtar som gjer at det berre er trua som avslører at det er Gud som er til stades. Det er ikkje utan vidare opplagt at Gud skaper nytt liv i dåpen, eller at brødet og vinen i nattverden er Jesu kropp og blod. Det må eit under, eit trusunder til, for at me skal oppdaga at den avmektige som hang på krossen er den allmektige, som har gått framfor oss gjennom døden.
Gud har ikkje forklart for oss alle samanhengar, og løyst alle våre gåter. Men Gud har vist oss det me treng for å koma til han og få frelse og evig liv.
Gud har ikkje forklart for oss alle samanhengar, og løyst alle våre gåter. Men Gud har vist oss det me treng for å koma til han og få frelse og evig liv. For den blindfødde var det viktig, ja livsforvandlande, at han kunne sjå. Men det var endå viktigare at han såg Jesus, og fekk del i det evige livet.
Sånn til dagleg, så tenkjer eg, som sagt, ikkje så mykje på kvifor eg er blind – det er no berre sånn det er. Eg har ikkje noko sikkert svar, men for meg framstår det sånn at Gud på ein eller annan måte må ha ein finger med i det. Eg er langt frå nokon Moses, men orda han fekk då han vegra seg og ikkje ville gå dit Gud sende han, dei peikar ut ei retning for meg òg: «Kven gjev mennesket munn? Kven gjer stum eller døv, sjåande eller blind? Er det ikkje eg, Herren?» (2 Mos 4,11) Desse orda frå dagens gammaltestamentlege tekst gjev meg frimot til å stå her eg står, i tiltru til at Gud vil noko med livet mitt slik det er, og kan bruka meg. Slik er det midt i alle mine avgrensingar, med alle mine tommeltottar og alt eg treng hjelp til.
Så får det vera kallet og utfordringa til oss i dag, å gå Jesus i møte, la lyset frå han visa oss det neste steget me skal gå, og slik at me òg, kvar på vårt vesle vis, lyser for andre. Ære vere …